by:Larm!

Postet av Adam og Eva Grensen den 26. Feb 2014

_________________________________________________________________________________

__________________________________________________________________________________

I dag bryt by:Larm ut i Oslo og varer heilt fram til sundagsnatta. Dette deilige arrangementet er ein norsk musikkonferanse og festival. Arrangert for fyrste gong i 1998 er dette 16 året der kjende og ukjende artistar får prøve seg på scena. Så sentral som den er i den Skandinaviske musikkbransjen er det opptil fleire artistar har fått sitt gjennombrot på by:Larm! Festen varar i fire dagar og består av seminar, foredrag og workshops på dagtid og konsertar på kveldstid. Konsertane haldast på ulike scener sentralt i Oslo.
Programmet i år er veldig variert og ekstremt solid. Det er noko for ein kvar smak. Ein finn etablerte namn som Veronica Maggio, First Aid Kit, Admiral P, Hanne Kolstø og Team Me.
Du bør heller få med deg: Könsförrädare, Daniel Kvammen, Satelitte Stories, Jaakko Eino Kalevi, The Wolves, When Saints Go Machine, Death by Unga Bunga, LOVELOVELOVE, Tremoro Tarantura, Atlanter, Away, Oh!, All We Are, Death Hawks, Youngdreams, Tiger Bell,  Erlend Øye & Hjàlmar, Dråpe, Kaja Gunnufsen, Farao, folkE, Baby in Vain, og Ceo.

Sjølv skal eg få med meg massevis av favorittar!

iampsyencefiction
Aleksander Johansen starta si karriere åleine i Lofoten. I lag med Nils Martin Larsen (ex. Lama), Simen Aasen (Einar Stray), Eirik Kirkemyr (Dråpe) og Eivind Almhjell (The Little Hands of Asphalt, Sunturns) er dette bandet noko av det viktigste du ser under festivalen (vart dessutan nemnt av Justin Vernon under Volcano Choir konserten i haust!).




 Sigurd Julius: 
Urørt-vinnaren frå Melhus. Han forvaltar norske singersongwriter-tradisjonar samtidig som han fyller sjangeren med trøndersk varme.




Comet Kid:
Eit Oslobasert band som starta opp i januar 2013. Allereie juli same år spela dei i Kronprinsen sitt mykje omtala 40 års-lag, og snakkisen byrja for alvor etter ein opptreden på Klubbøya som resulterte i speletid i tysk radio. Det er ikkje lett å setje ein merkelapp på desse gutane, men sjangermessig beveger dei seg elegant mellom roots, pop, folk og rock fremført med lidenskap og ekte kjensler. Den unike Comet Kid-sounden skapast av dei ulike musikalske bakgrunnene som eksisterer i bandet.




Marius Beck:
Raufoss-guten fekk eit lite gjennombrot gjennom songkonkurransen The Voice i fjor. Han har framleis god kontakt med Magne Furuholmen, som var mentor i same tv-produksjon. Saman har dei arbeida seg fram til eit uttrykk som passar Marius perfekt.




Kate Boy:
Ein Stockholm-basert elektro-pop gruppe med Markus Dextegen, Oskar Sikow Engström og Hampus Nordgren Hemlin frå Rocket Boy, og Kate Akhurst (Australia) i spissen.




Finn dine nye favorittar og meir info her: http://www.bylarm.no/
Eventuellt høyr noko av musikken i denne spelelista: Larm

Ina / Adam og Eva Grensen



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.