Moddison

Postet av Adam og Eva Grensen den 17. Apr 2014



Milo Greene beskriv seg sjølv som eit "cinematisk pop band". Dei ynskjer at musikken deira skal bli brukt i seriar og filmar. Det Los Angels baserte bandet består av dei fire multimusikalske vokalistane Robbie Arnett, Graham Fink, Andrew Heringer, og Marlana Sheetz samt trommis Cutis Marrero.

Namnet Milo Greene kjem frå ein fiktiv bookingagent bandet brukte tidleg i karriera. Ved gjennombrotet bestemte dei seg for å behalde namnet til denne fiktive veldanna albino- briten med kraftige kinnskjegg og monokkel. Som du allereie kan lese er dette ein gjeng kreative sjelar. Derfor har heile albummet deira. Som også er kalla Milo Greene. Ein samanhengande musikkvideo kalla Moddison. Den vart i fyrstninga slippe som vanlege musikkvideoer i tilfeldig rekkefølge, men ein såg raskt at dei høyrde saman. Videoen er svært velkomponert og vert godt understreka av musikken. Eg vil anbefale alle å sette av desse 37 minutta i påska for å lytte, nyte og føle!
 


Ina / Adam og Eva Grensen

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.