Reisevennlig frå EVO!

Postet av Adam og Eva Grensen den 26. Mai 2014






Føretrekk du å pakke lett? Flytur med kun handbagasje? Ferie utan for mykje 'greier'?
Då kan det hende Essential Kit i frå Evo er løysinga di.

I Grensen har me tre versjonar:

  • Ei pakke for kvinna med behandla og skada hår. Denne inneheld shampo, balsam og kur for hår eit hår som treng ein ven og kjærleik. Evo har tenkt på alt, dermed er det inkludert såpe og bodylotion.
  • Ei pakke for kvinna med tørt, uregjerleg og frizzy hår. Her får ho shampo, balsam og kur for håret som treng oppdragelse og terapi. Her følgjer det også med såpe og bodylotion.
  • Så er det ei pakke for den normale mannen. Han med eit hår som treng ein vask, med lett fuktigheit etterpå. Her får han shampo, balsam, shaving creme, ansiktskrem og såpe. 

Alle produkta er 50 ml. Dermed tek dei liten plass og er fullt lovlege å ha med i handbagasjen.
I tillegg får du testa våre nye deilige produkt i frå Evo til ein litt rimlegare pris.

Ina / Adam og Eva Grensen




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.